Vellykka onsdagskafe

Onsdag 13 november hadde vi ein ny vellykka onsdagskafe her på Ognatun. Mykje folk fant vegen til kafeen og matsalen var ei stund nærmast fullsett. Kafegjestene gjev uttrykk for at det er kjekt å koma på kafe på Ognatun. Mange nyttar og høve til å kjøpa med seg heim av den heimelaga maten. Kaffedrifta denne dagen gav ein omsetning på omlag 33 000kr.

Godt frammøte på kafeen 13. november.

Godt frammøte på kafeen 13. november.

Det er nå planlagt open kafe på Ognatun tirsdag 28. jan. kl. 17.00-20.00
Det blir ny onsdagskafe 12. febr. og 2, april.
Velkomen til Ognatun desse dagane!