Ognatun 50 år

Ognatun 50 år,ANNONSE

 

Ein trygg veg gjennom livet!

Av Terje Slettebø

Det er tydeleg at engasjementet for Ognatun framleis er og sterkt hjå Guttorm Nygård (83) i Sirevåg. Han var formann for byggekomiteen for Ognatun frå 1960-1964, og formann i styret frå Ognatun frå 1964-1978.

Bak engasjementet for Ognatun ligg det eit klart ynskje hjå Guttorm Nygård at ImF-Rogaland (tidlegare Rogaland Indremisjon) skulle ha ein leirstad der dei unge kunne koma saman og ha det kjekt i lag. Og at der skulle vera ein lys, enkelt forkynning om Jesus slik at det skulle vera mogleg for alle å finna Jesus og få ein trygg veg gjennom livet.

Mot og tru
Når vi set i stova hjå Else og Guttorm Nygård og snakkar om starten for Ognatun er det imponerande kor godt Guttorm huskar frå tida rundt planlegging og igangsetting av bygginga av Ognatun. Det slår ein kor takknemlege vi må vera for at der var nokon som for 50 år sidan hadde mot til å setja i gang og tru på at dette kunne ein få til.

Ogna området
Guttorm var også med i krinsstyret på denne tida og han huska at det dei fekk eit brev frå barne-og ungdomsnemnda med spørsmål om bygging av leirstad. Krinsstyret var positive og sette i gang eit sonderingsarbeid for å finna ein høveleg stad. Ogna området utpeika seg ettersom det låg sentralt midt i krinsen. Og når Wilhelm og Huldeborg Stokkeland gav tomt der Ognatun er i dag la alt seg vel til rette.

Ognatun
Då var område berre ei stor lynghei, men dei såg at her kunne det veksa fram eit fin leirstad. Under skylddelinga av tomta vart det spurt etter namn på eignedommen. Guttorm meinte namnet burde heita noko med Ogna, ein annan som var med såg for seg at her vart det eit fint tun, dermed Ognatun, og slik vart det.

Mykje papirarbeid
Guttorm Nygård som var leiar for byggekomiteen huska at det var veldig mange søknader og papir som måtte ordnast før bygginga kunne starta, og dette tok det fleire år å få på plass. Ein satsa på eit bygg for det var billigast, og så var ein så heldig at turnhallen på Sandnes skulle rivast, den vart riven på dugnad og Ognatun fekk då all materialen gratis. Engasjementet for Ognatun var varierande rundt om i bygdene, men Guttorm huskar at Helleland, Egersund, Nærbø og Sandnes var flinke å stilla med dugnadsfolk i denne første fasen.

Innvia
Kalkylen for bygget i 1964 var på 250 000 og byggeleiaren meier å huska at dei fekk opp bygget for denne prisen. Økonomien var ei utfordring og ein bruka ikkje meir pengar enn det ein fekk samla inn. Den 27. juni 1964 vart Ognatun innvia. Guttorm Nygård huska at dette var ein fantastisk festdag der ein gleda seg over at bygget var på plass, men aller mest over eit tenleg reiskap der barn og unge skulle få høyra om Jesus og vegen til himmelen. Guttorm finn fram ein vase i tinn, som han fekk på innviinga, som takk for innsatsen i byggeperioden.

Kommunestyret på Ognatun
For Guttorm Nygård var det naturelg å engasjera seg vidare i arbeidet på Ognatun. Han ynskja og vera med og ta ansvar for at anlegget fungerte og at alle ting kom inn i gode og sikre former. Dette midt i ein travel kvardag som bedriftsleiar, menighetsrådet, kommunestyre 16 år, formannskapet 8 år, varaordførar i 4 år. Eit godt minne for Guttorm er at han som varaordførar fekk leia eit møte i kommunestyret som var lagt til Ognatun.

Leir
Nå gleder han seg over utviklinga som har vore på Ognatun. Nye og tenelege bygningar, og nye unge menneske som tek ansvar for leirstaden. Men vi merkar at det viktigaste er spørsmåla etter leirane. Kjem dei unge på leir? Får vi framleis nå dei unge med evangeliet om Jesus gjennom leirarbeidet. Det er tydeelg at det er dette hjarta til Else og Guttorm Nygård bankar ekstra sterkt for.

Guttorm Nygård

Guttorm Nygård

Vart ein kristen på leir!

Reidun Mattingsdal Alvsåker (65) vart ein kristen på leir på Ognatun for 49 år sidan.

Ho fortel til Siste Indre at ho vår på leir på Ognatun Påsken 1965 og når det nærma seg sommarleirane viste ho at nå måtte ho reisa tilbake på ein ny leir for å bli frelst. Som 17 åring kom ho på leiren, noko vart løyst inni henne, og etter denne leiren har ho fått vore ein kristen.

Etter dette var ho med som leiar på mange leirar. I 1970 reiste ho på Krigsskulen til Frelsesarméen, og etter det har ho fått hatt sin aktive teneste i Frelsesarméen.

-Eg er svært takksam for tida på Ognatun og ser tilbake på mange flotte opplevingar saman med både leiarar og mange barn og familiar. På det tidspunktet vart eg bevisst på et kall til teneste særlig blant barn og unge. Dette ga grunnlag for min teneste som frelsesoffiser i snart 33 år på korps i Kristiansund, Sandnes, Kristiansand, Gol/Fagernes, 3 studieår, styrar på Frelsesarmeens barnehage i Oslo i 13 år og dei siste 12 åra i Egersund. Alt starta på Ognatun , seier Reidun.

Reidun Mattingsdal Alvsåker

Reidun Mattingsdal Alvsåker