Fellessamling

Tillitsvalde og tilsette samla på Ognatun.

Tillitsvalde og tilsette samla på Ognatun.

I går kveld(22.10.13) var Kretsstyret, Ognatunstyret, Imf-Ung Rogaland og alle tilsette på Ognatun og i kretsen samla på Ognatun. Vi var samla for å bli betre kjent med kvarandre som personer. Og styrene informerte kvarandre om arbeidet og planar framover.
Ei flott samling tillitsvalde og tilsette som ynskjer å leggja til rette for eit levande og veksande indermisjonsarbeid på Ognatun og rundt om i heile Rogaland. Hovudsaka er å få leggja til rette for Jesus slik at fleire kan bli kjent med han og koma til tru på han.

Styret og leiinga for Ognatun kunne melda om god oppdrift på Ognatun. Pågangen frå lag, organisasjonar og menigheiter som ynskjer å leiga leirstaden er aukande. Spørsmåla etter catering og leige av lokale for feiring av private selskap er også stor.

Styret for Ognatun understraka at ein ynskjer å halda anlegget i god stand slik at det skal vera ein god arbeidstad for dei tilsette, og eit teneleg redkap for Jesus og misjon.